tirsdag 3. november 2015

Takk til Språkrådet!



https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/1/17/Slepp_nynorsken_til.jpgBø vidaregåande skule har tradisjonelt vore ein nynorskskule, der elevane kjem frå kommunane i Midt-Telemark og Vest-Telemark. Desse kommunane har lange tradisjonar for aktivt og godt nynorskbruk. Men tidene endrar seg. Då eg byrja i skulen på 80-talet, hadde dei fleste elevane nynorsk som hovudmål, i dag er det motsett. I mi norskklasse i vg2 i år med 30 elevar, er det tre som fortsatt har nynorsk som hovudmål, to av dei vurderer å byte. Kor mange av elevane som hadde nynorsk som hovudmål i 10 år før dei kom til oss, veit eg ikkje, men truleg var det over halvparten.
I dag sette eg elevane til å kartleggje ferdigheitene sine i nynorsk. Dei gjekk inn på Språkrådet sine heimesider og tok både testoppgåver og andre oppgåver. Eg testa meg sjølv også, og må glatt innrømma at det ikkje vart full pott.
Språkrådet har fantastiske heimesider der elevane verkeleg kan prøve seg på alle typar grammatikkoppgåver. I tillegg kan dei få resultata, nullstille, og prøve om att og om att til dei har alt rett. Oppgåvene har forskjellig vanskegrad, ein kan lage si eiga øvingsrekkje, og ein kan slå opp i ein minigrammatikk på alle oppgåvene. Tusen takk til Språkrådet som gjer dette tilgjengeleg for oss alle. Dei fleste oppgåvene er for elevar, men dei har også laga eigne oppgåver for tilsette i offentleg sektor.
Nynorsk har for mine elevar blitt eit vanskeleg språk, dei blandar inn mykje dialektord, og har svært liten kunnskap om endingar, bøyingar og kjønn på nynorsk. I tillegg manglar dei øyre for å høyre godt nynorsk språkbruk. Eg har ein jobb å gjere, og kjem mellom anna til å nytte Språkrådet sine sider flittig i det arbeidet.
Slepp nynorsken til!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar