Bø vidaregåande skule har tradisjonelt vore ein nynorskskule, der
elevane kjem frå kommunane i Midt-Telemark og Vest-Telemark. Desse kommunane
har lange tradisjonar for aktivt og godt nynorskbruk. Men tidene endrar seg. Då
eg byrja i skulen på 80-talet, hadde dei fleste elevane nynorsk som hovudmål, i
dag er det motsett. I mi norskklasse i vg2 i år med 30 elevar, er det tre som
fortsatt har nynorsk som hovudmål, to av dei vurderer å byte. Kor mange av
elevane som hadde nynorsk som hovudmål i 10 år før dei kom til oss, veit eg
ikkje, men truleg var det over halvparten.
I
dag sette eg elevane til å kartleggje ferdigheitene sine i nynorsk. Dei gjekk
inn på Språkrådet sine heimesider og tok både testoppgåver og andre oppgåver.
Eg testa meg sjølv også, og må glatt innrømma at det ikkje vart full pott.
Språkrådet har
fantastiske heimesider der elevane verkeleg kan prøve seg på alle typar
grammatikkoppgåver. I tillegg kan dei få resultata, nullstille, og prøve om att
og om att til dei har alt rett. Oppgåvene har forskjellig vanskegrad, ein kan
lage si eiga øvingsrekkje, og ein kan slå opp i ein minigrammatikk på alle
oppgåvene. Tusen takk til Språkrådet som gjer dette tilgjengeleg for oss alle.
Dei fleste oppgåvene er for elevar, men dei har også laga eigne oppgåver for
tilsette i offentleg sektor.
Nynorsk har for mine
elevar blitt eit vanskeleg språk, dei blandar inn mykje dialektord, og har
svært liten kunnskap om endingar, bøyingar og kjønn på nynorsk. I tillegg
manglar dei øyre for å høyre godt nynorsk språkbruk. Eg har ein jobb å gjere,
og kjem mellom anna til å nytte Språkrådet sine sider flittig i det arbeidet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar